mandag 14. september 2009

"Prinsessa av Burundi"

I norsktimen her om dagen høyrte vi på historia om ”Prinsessa av Burundi” av Frode Grytter. Historia handlar om Mai-Britt som er ei overvektig kvinne. Eg syntes historia var både morosam, men også litt trist. Det er sjølvsagt trist at det er mange som har det som Mai-Britt. Menneske som er usikker på seg sjølv og et for å føle seg betre. Det resulterer ofte i at man blir inneslutta og får eit dårleg sjølvbilde, akkurat som Mai-Britt.

I historia møter hun Adam som blir forelska i henne. Mai-Britt trur ikkje på at Adam elskar henne fordi ho er så feit og stygg og derfor begynner ho å unngå han. Sidan Mai-Britt ikkje elskar seg sjølv forstår hun ikkje kvifor nokon andre skal gjøre det. Mens Adam beviser sin kjærleik ved å ete seg feit, begynner Mai-Britt på ein effektiv slankekur; nemleg kjærleikssorg.

Sjølv om historia ikkje er akkurat slik som eg pleiar å lese synast eg historia var bra. Den viste oss korleis overvektige menneske i dagens samfunn kan ha det. Ikkje berre overvektige, men menneske med dårleg sjølvtillit generelt. Historia kjem også med eit viktig bodskap der ein må lære å elske seg sjølv før ein kan elske andre.

1 kommentar:

  1. Hei, Kaja!

    Du har skrive ein lang og god tekst om "Prinsessa av Burundi", synest eg. Du skriv godt, og det er flott at du likte novella, eg synest og ho er god... Sjå litt på ordet "synest", det slit du litt med. Dessutan er det vel "ein bodskap"... Elles er dette kjempefint!

    Bjørnar

    SvarSlett