torsdag 7. januar 2010

Smeden og bakeren av Johan Herman Wessel

Eg synest det var eit trist dikt. Det var ikkje rettferdig at den stakkars bakaren skulle bli avretta for at smeden ikkje tenkte klart. Sjølvsagt ser eg det at innbyggarane hadde behov for ein smed og kanskje ikkje to bakarar. Likevel synest eg det var veldig galt å døme bakaren, han hadde jo ikkje gjort noko galt. Ein slik situasjon hadde nok ikkje skjedd i dag, men eg skjønnar moralen, det at man alltid skal vere førebudd for døden. Sjølv om det kan oppfattast som ein litt negativ måte og sjå på livet, lærer vi jo at man skal leve som om denne dagen skulle vere den siste. Skulle eg leve sånn hadde eg garantert brukt mindre tid på lekser og skolen! Alt i alt var det eit bra dikt med ein god moral som bør skape ettertanke.