mandag 14. september 2009

"Prinsessa av Burundi"

I norsktimen her om dagen høyrte vi på historia om ”Prinsessa av Burundi” av Frode Grytter. Historia handlar om Mai-Britt som er ei overvektig kvinne. Eg syntes historia var både morosam, men også litt trist. Det er sjølvsagt trist at det er mange som har det som Mai-Britt. Menneske som er usikker på seg sjølv og et for å føle seg betre. Det resulterer ofte i at man blir inneslutta og får eit dårleg sjølvbilde, akkurat som Mai-Britt.

I historia møter hun Adam som blir forelska i henne. Mai-Britt trur ikkje på at Adam elskar henne fordi ho er så feit og stygg og derfor begynner ho å unngå han. Sidan Mai-Britt ikkje elskar seg sjølv forstår hun ikkje kvifor nokon andre skal gjøre det. Mens Adam beviser sin kjærleik ved å ete seg feit, begynner Mai-Britt på ein effektiv slankekur; nemleg kjærleikssorg.

Sjølv om historia ikkje er akkurat slik som eg pleiar å lese synast eg historia var bra. Den viste oss korleis overvektige menneske i dagens samfunn kan ha det. Ikkje berre overvektige, men menneske med dårleg sjølvtillit generelt. Historia kjem også med eit viktig bodskap der ein må lære å elske seg sjølv før ein kan elske andre.